Salmer til alle tider: Lyttarar frå heile landet sender inn sine salmeynskjer til sending kvar søndag kveld. Mange vil høyre kjente og kjære songar, og nokre gongar kjem det ei lita historie knytta til. Denne søndagen (15. mars) kjem det fleire norske og svenske songar, og det vil bli spelt ein takkesong frå Filippinene. Programmet sendast direkte kvar søndag kl 20.03 på NRK P1+, men kan høyrast når som helst i NRK sin nettspelar.
Kveldstanker og musikk: Frå Sarpsborg kyrkje der prost Kari Mangrud Alvsvåg delte tankar om håp og bekymring. Musikarar var Carl Andreas Næss, Marianne Aarum og Christopher Pedersen.
Salmeboka minutt for minutt: Norsk salmebok kom i 2013, og då arrangerte NRK salmemaraton med alle salmane, kronologisk frå perm til perm, med kor frå heile landet.
Salmer i Spotify: Ei speleliste i musikktenesta Spotify. Lista består av eit utval kjente og kjære salmar og songar, og vil bli oppdatert!
Spotify-liste for Tweens: Ei speleliste i musikktenesta Spotify. Lista består av songar for aldersgruppa 10-13 år. Spelelista oppdaterast fortløpande.
Denne sida blir oppdatert fortløpande - ta kontakt om du kjenner til ressursar som burde stå i denne oversikta. Vi får ikkje med oss alt som skjer i heile landet, sjå difor kva som skjer digitalt i di lokale kyrkja. Søk etter din kyrkjelyd i søkefeltet under.